Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Terje Isungset med tingingsverk til årets kyrkjekonsert



Den Norske Folkemusikkveka er stolte av at Terje Isungset har sagt ja til å lage eit tingingsverk til den årlege kyrkjekonserten! Medverkande på konserten er også den kjende svenske folkesongaren Lena Willemark, og Ål-koret under leiing av Sigurd Tunestveit. Tunestveit har i tillegg skrive og arrangert ein del av musikken på konserten. Terje Isungset er ein verdskjend perkusjonist som gjennom dei siste 20 åra har arbeidd seg oppover til å bli ein av dei viktigaste musikalske eksportartiklane Noreg har å by på! Dette prosjektet er Den Norske Folkemusikkveka difor svært stolte av å kunne presentere!
Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS