|
|
Hemsing og Kvarts!
17. mai blir det opningskonsert i Ål kyrkjeRagnhild og Eldbjørg Hemsing og Kvarts!
Då blir festivalen opna med ein konsert som verkeleg spelar i gang folkemusikkveka! Dei unge fiolinistane Eldbjørg Hemsing og Ragnhild Hemsing har markert seg som to av dei fremste talenta i norsk musikkliv. Dei formidlar den musikalske bodskapen med frisk virtuositet og velutvikla evne til å begeistre eit breitt publikum. Den Norske Folkemusikkveka har saman med Jørn Hilme Stemnet utfordra jentene til å velje nokon dei ynskte å spele saman med, og valet deira blei Kvarts! Gruppa treng knapt ein presentasjon, då Den Norske Folkemusikkveka på mange måtar har blitt sjølve heimearenaen deira. Saman kjem Hemsing og Kvarts til å servere publikum eit spanande program som spenner frå halsbrekkande klassiske stykke til folkemusikk i samspel og solo. Her blir det noko for ein kvar smak, servert av nokre av landets beste musikarar!
|
|