![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Røter og vengerStor danseframsyning i Storesalen på Ål kulturhus måndag 19.mai kl 18 og kl 20!!Ål kulturskule presenterar under Den Norske Folkemusikkveka ei moderne danseframsyning med djupe røter i tradisjonell folkemusikk. Ut frå stor respekt til folkemusikken, vil me overraske med eit moderne uttrykk basert på samhald, glede og rytme. Motivasjonen for å skape denne framsyninga er å finne nye røsler til folkemusikken. Målet er at dansarnane på scena skapar nye bilder og uttrykk til det kjente og tradisjonelle i folkemusikken. Utfordringa blir å smelte dette saman på ein dynamisk, spanande og vakker måte. Folkemusikk og moderne dans har mange felles verdiar; gleda over fysisk utfolding og trangen til å bevege seg. I moderne dans kombinerar ein det leikne med det dansetekniske. Moderne dans rommar mykje ulikt og er eit samlebegrep på det som og kallas samtidsdans. Det er mange ulike retningar innan moderne dans i dag. Moderne dans er ein spanande og kraftfull danseform som utfordrar kroppen sine bevegelsesmogelegheiter. Dansen vil utfordre kvar dansar til både å hente fram nye ting i seg sjølv og å bruke sine kreative emner. Me håpar at dette danseprosjektet vil tilføre endå meir glede til folkemusikken, og gje elevane mogelegheit til å møte musikken på sin eigen måte. Røter gjev oss tryggheit og kjærlaik, ei ballast som er heilt naudsynt for at dei unge tør å ta vengene i bruk. I framsyninga vil dansarane la musikken få nye venger. Kjent, kjær og tidlaus tradisjonsmusikk får eit ungt og tilpassa uttrykk. Iris Almås Tangeraas dansepedagog og koreograf |
||