Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Folkemusikkpøbb med Rammeslag!

Det vert folkemusikkpøbb på Thon Hotell Hallingdal tysdag 22.januar kl. 19.30 med Rammeslag, altså Sigurd Brokke og Daniel Sandèn-Warg! Etterpå vert det open scene og dans.

Sigurd Brokke er frå Hylestad i Valle kommune. Han spelar munnharpe i gamal Setesdalstradisjon.
Slåtteformene hans er ofte personlig utvikla med inspirasjon frå mange ulike læremeistrar. Dette gjeld ikkje minst og for den særeigne speleteknikken. Sigurd vann Landskappleiken i 2003 og 2004 og kom på andre plass i 2002 og 2005. Han har motteke Valle kommunes utviklingsstipend fleire gonger og Aust-Agder fylkes sitt kulturstipend for 2003. Sidan 2001 har han vore leiar for Setesdal Spelemannslag.

Daniel Sandén Warg er frå Sverige, og spelar fele og hardingfele. Han vart folkemusikkinteressert i ungdommen gjennom Magnus Stinnerbom i folkemusikkgruppa Harv. Gjennom Stinnerbom fekk han høyre Torleiv H. Bjørgum og tente då heilt på Setedalsmusikken. Han var i begynnelsen sjølvlært ved å spele etter kassettopptak. Rundt 1998 flytte han til Setesdal og bur der i dag. Han gjekk i lære hjå Hallvard T. Bjørgum, samt lærte av arkivopptak. Han har ein unik musikalitet og evne til å tileigne seg det karakteristiske slåttespelet. Daniel har også tileigna seg setesdalsmålet og meistrar dette som ein innfødd. Det er få som har meistra å tileigne seg ein «framand» tradisjon, meistre den på ein slik overbevisande måte og fått slik total aksept og aktelse for det som Daniel Sandén Warg. Han spelar også ei rekkje andre instrument og er ellers medlem i folkemusikkgruppa Harv, bandmusiker for Odd Norstoga og med i Tryllefløyta.

Etter konserten vert det open scene, og dei som har med seg instument for å spele etterpå kjem gratis inn på konserten. Kanskje vert det dans?

Billettar kr. 100,-

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS