Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Kringkastingsorkestret i springartakt!

Den Norske Folkemusikkveka avrunda i helga ein svært vellukka festival, der konserten med Kringkastingsorkestret, Kvarts, Berit Opheim, Sondre Bratland og Birger Mistereggen står som den største musikalske satsinga i festivalens historie.

Den Norske Folkemusikkveka i Ål avrunda i helga sin 32. festival.  Det kokte i Ål kulturhus fredag kveld etter to konsertar med ”Steinsprang - folkemusikk i symfoni”. Kringkastingsorkesteret, Kvarts, Berit Opheim, Sondre Bratland og Birger Mistereggen serverte ein smakfullt samansett konsert, der samansmeltinga mellom solistane og orkesteret skapte eit historisk merke i norsk musikkliv. Aldri før har eit symfoniorkester samarbeidd med folkemusikarar på folkemusikken sine premissar. Resultatet vart ein stor suksess for Den Norske Folkemusikkveka, som gjennom denne kunstnarlege storsatsinga har gjeve folkemusikken ein ny dimensjon.  

Den gjæve Fanitullprisen gjekk i år til Aslak Opsahl Brimi frå Lom i skarp tevling med Jan Beitohaugen Granli frå Valdres og Øyvind Brabandt frå Nes.

Alle 45 konsertar og arrangement vart prikkfritt gjennomførte. Dagleg leiar i Den Norske Folkemusikkveka, Ingunn Stræte Lie, uttalar: Me er svært godt nøgde, både når det gjeld kunstnarleg kvalitet og publikumsbesøk. På festivalen dette året fekk ein for utan den store konserten med Kringkastingsorkestret og solistar, mellom anna oppleve Lars-Ànte Kuhmunen band, Hallingspel anno 2007 med dei fremste hardingfelespelemennene i Hallingdal i dag  og ein unik toraderkonsert med Toradertrioen og Lillebror Vassaasen i spissen. Det var dessutan den sermerkte  bygdamønstringa med deltakarar frå Noreg til Estland og California, matteater,  Valkyrien Allstars, og ikkje minst den fyrste semifinalen i INTRO-folk, der gruppa Sver stakk av med ein ettertrakta finaleplass i skarp konkurranse med gruppa Geitungen.

Det Ukrainske kammerkoret Pektoral imponerte stort under den årlege kyrkjekonserten, og som vanleg har dansefolket fått svinga seg godt, med frukostspringar og dugurdsdans. Nytt av året var høgmesse med folkemusikkliturgi, noko som var eit svært spanande og vellukka tiltak.

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS