Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Erling Lae opnar folkemusikkveka 2007!

Sundag 20. mai opnar byrådsleiar i Oslo, Erling Lae Den Norske Folkemusikkveka på Ål.

Lae har gjennom ei årrekkje synt både interesse og kunnskapar om norsk folkemusikk, og det er difor ei ære for Den Norske Folkemusikkveka at han har sagt seg viljug til å stå for opninga av den 32. folkemusikkfestivalen på rad i Ål i Hallingdal.

Opninga av Den Norske Folkemusikkveka markerer også opninga på festivalutstillinga, og i år er det den kjende kunstnaren Ørnulf Opdahl som stiller ut i Galleri Syningen i Ål kulturhus.

Elles kan Den Norske Folkemusikkveka by på eit stort og spanande program. Særleg bør nemnast konserten med Kringkastingsorkestret, der folkemusikkgruppa Kvarts, Berit Opheim, Sondre Bratland og Birger Mistereggen skal vere solistar. Konserten har fått tittelen Steinsprang - folkemusikk i symfoni.

Storm Weather Shanty Choire, Lars-Anté Kuhmunen m. band, den fyrste semifinalen i Intro-folk og Valkyrien Allstars er andre sentrale artistar under festivalen, og det blir sjølvsagt dans og moro i ei heil veke til ende!

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS