![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Pressemelding frå årets festivalBraksuksess for Den Norske Folkemusikkveka! Einar Olav Larsen årets fanitull og vinnar av Olav Thons Pokal.• BRAKSUKSESS FOR DEN NORSKE FOLKEMUSIKKVEKA • EINAR OLAV LARSEN ÅRETS FANITULL OG VINNAR AV OLAV THONS POKAL • AKROBATIKK OG HALLINGDANS PUBLIKUMSMAGNET I ÅL • PÅ FOLKEMUSIKKVEKA ER DET SPRINGARDANS TIL FRUKOST Den Norske Folkemusikkveka i Ål avrunda i helga sitt 30-årsjubileum med hallingdans og akrobatikk som aldri før er vist på ein norsk scene. Det kokte i Ål kulturhus laurdags kveld etter framsyninga ”LAUS,” ei oppsetjing Den Norske Folkemusikkveka har laga i samarbeid med koreografen Hallgrim Hansegård. Publikum jubla, og det måtte til ekstraforestillingar. Årets Fanitull vart Einar Olav Larsen frå Verdal i skarp tevling med Jan Beitohaugen Granli frå Valdres og sin eigen bror, Gjermund Larsen. Olav Thon sjarmerte i heimbygda, song saftige stev, slo seg på helen, og delte så ut sin store sølvpokal og 30.000 kroner til dei tre finalistane. Dette er også fyrste gongen det er nokon frå flatfeledistrikt som har vunne prisen. Alle 41 konsertar og arrangement vart prikkfritt gjennomførte. Dagleg leiar i Den Norske Folkemusikkveka, Ingunn Stræte Lie, uttalar: Me er svært godt nøgde, både når det gjeld kunstnarleg kvalitet og publikumsbesøk. På festivalen dette året fekk ein mellom anna oppleve den svenske supergruppa Frifot med Kirsten Bråten Berg og Gunnar Stubseid, Sundre Jetset, gamaldansmesse i Ål kyrkje (med danseinnslag!), matteater, fløytival, ”bygdemønstring” med deltakarar frå Noreg til Arizona og Osaka, humorbombe med GT-Sara og Hallgrim Berg, fire plateslepp og, ikkje minst, frukostspringar med instruksjon av veteranar frå Ål. Dansegalla i Ål kulturhus, med orkester som Dalakopa, Hallingdal Kraftlag og P.A. Røstads orkester, vart også ein suksess. Nytt av året var å leggje festen på fredagskvelden til kulturhuset, og det viste seg at dette var ei god løysing. |
||