Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Ny runde med INTRO-folk i 2007

Kårar "Årets unge folkemusikarar 2007".


Det er klart for ei ny runde med INTRO-folk neste sommar.
Det heile starta under Den Norske Folkemusikkveka på Ål i fjor då gruppa Majorstuen møtte Gammel-likt se i semifinalen. Eit par månader etter var det stor finale under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes, og også då gjekk Majorstuen til topps. No ynskjer Rikskonsertane å køyre ei ny runde med INTRO-folk, og søknadsfrist er 1. oktober.

Profesjonell
Alle søkjarane må halde eit profesjonelt nivå, og ha klart potensial for å utvikle musikalske idear og dugleik. Det er ein føresetnad at søkjarane har valt å satse på ei profesjonell karriere innan musikk. Både solistar, solistar med band, og grupper kan melde seg på. Snittalderen skal ikkje vera høgare enn 27 år.

Søknad
Dersom du har lyst til å prøve deg i INTRO-folk sender du ein søknad til Rikskonsertane innan 1. oktober. Den skal innehalde ein cd på ti minutt med representativ musikk for søkjaren, samt ein musikalsk CV, pressesitat, ambisjonar for framtida og liknande. Du må også si noko om kvifor du ønskjer å bli lansert.
Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS