![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Rikhaldig fredag under Folkemusikkveka 2010Fredagen under Folkemusikkveka 2010 kunne dette året by på eit variert tilbod.Dagen starta med springarkurs i Syningen under stødig leiing av Håkon Tveito. Kurset, som har vorte ein populær tradisjon, samla mange ivrige dansarar. Spelemann dette året var Ingebjør Sørbøen. I Trugeholu kunne ein litt seinare få vera med på ei personleg reise med spelemannen Gro Marie Svidal. I konserten, som ho har kalla ”Ve’dunderlæ”, tek ho oss med gjennom sitt eige spennande spelemannsliv. ![]() På biletet: Gro Marie Svidal i Trugeholu Dei to durspeljentene Rannveig Djønne og Rikke van Ommeren gav ein flott konsert i Veslesalen og i ærverdige Sundrehall fekk me eit møte med spelemannen Kristian Øvrevollseie som hadde fyllt 100 år dette året. Ola Ruud og Per Lilleslett gav interessante analysar av denne særmerkte spelemannen frå Hol, og dei kjeldene og tradisjonslinene han var ein bærar av. Olav Luksengård Mjelva, Øyvind Brabant, Gunnlaug Lien Myhr og Hallingdal Låtelag bidrog med musikalske illustrasjonar. I Kaféen på Kulturhuset kunne ein få møta nye talent frå talentskulen i Buskerud og i Storesalen var det om kvelden duka for ein glitrande trekkspelgalla under leiing av trekkspelprofessor Jon Faukstad. Der kom virutuosane på løpande bånd, med Kjell Svaet, Jan Fyrun, Jon Halvor Kvamme i ”Fiin Gammel Aargang”, Knut Ivar Bøe, Anders Larsson frå Borlänge i Sverige og våre eigne Ingunn Stræte Lie og Jo Asgeir Lie. ![]() På biletet: Jon Faukstad På Hallingdal Hotel kunne ein få ein times konsultasjon med Stein Torleif Bjella i form av konserten ”Visepsykiatrisk fjellbygdpoesi ” før kvelden vart runda av med dans til ymse utøvarar og til variert musikk. …så kunne ein mett og god gå og leggja seg for å lada opp batteria framfor ein krevjande men morosam laurdag under Folkemusikkveka 2010. |
||