Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Tingingsverk med trøkk!

Torsdag kveld vart Tingingsverket "Vinden bles dit den vil" av Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl framført i Ål Kyrkje.

Det vart ein flott konsert i grenselandet mellom folkemusikk og jazz. Verket er på ein original og nyskapande måte spunne rundt mange tradisjonelle element frå folkemusikkuniverset og gav tilhøyrarane ei stor oppleving. Dei fire musikarane, Tor Egil Kreken og Martin Langlie, forutan komponistane, framviste eit imponerande samspel og ei smittande spelglede.
Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS