Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Folkemusikkgudstenesta i Ål kyrkje 26.mai



Det vart ei stemningsfull folkemusikkmesse i Ål kyrkje onsdag kveld. Kyrkja var på det næraste fullsett og dei frammøtte fekk oppleva ei kyrkje fyllt med mykje god musikk og noko meir liv enn under ei vanleg gudsteneste. Den tradisjonelle liturgien var krydra både med folkemusikk og -dans, og det heile vart til ei nær og fin forestilling.
Carl Petter Opsahl heldt ei inspirert preike der han mellom anna peika på at noko av det mest spennande som skjer i Kyrkja for tida er i Ål, i grensesnittet mellom Kyrkja og Folkemusikken.

Dei som medverka musikalsk var Margit Myhr (Hardigfele og song) , Anders Hall (fele og bratsj) , Olav Luksengård Mjelva (fele og Hardingfele), Tor Egil Kreken (bass), Martin Langlie (perkusjon) , Audun Flaen (orgel), Carl Petter Opsahl (klarinett) , Jo Asgeir Lie (trekkspel) og Ålkoret. I tillegg dansa Ingunn S. Lie og Håkon Tveito.

Treeinigheitsleiken som vart framført på preikestolen av Carl Petter Opsahl finn du her.

Delar av springardansen under takkofferet finn du her.


dnfv2010 gudsteneste1

dnfv2010 gudsteneste2

dnfv2010 gudsteneste3
Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS