SUNDREHALL

Gamle,  ærverdige Sundrehall ligg 100 m. sør for Sundre Torg og var eit av to ungdomshus i Ål sentrum. Sundrehall blir idag, etter å ha liggi meir eller mindre brakk i fleire år, eigd og drivi av Kilden menighet. Norge sitt råaste bedehus og Ål sin tøffaste partyplass er ein av hovudarenaene under Folkemusikkveka.

AAL PENSJONAT B&B

Nydelege Aal Pensjonat B&B, rett ved gamle Sundre Torg, er eit lite hotell med 6 koselege rom i 1920-talstil, spisesal og stugu/bibliotek , der spisesalen blir omgjort til konsertlokale ved høve.

Med si unike og intime atmosfære gjer dette lokalet dei gode og nære konsertane enda bedre.

Her er det plass til maks 70 pers. so det kan lønne seg å vera tidleg ute!

Tlf: +47 32 08 25 55

E-post: Post@Aalpensjonat.no

THON HOTEL HALLINGDAL

Festivalhotellet ligg midt på Sundre(sentrum), og det er her det skjer dei seine kveldane og nattestid med fest, dans og anna moro!

Hotellet er totalrenovert og har eit veldig bra treningsenter. For meir info og booking gå hit.

EVJENS MINNE

Evjens Minne har dei fleste ålingar eit forhold til anten dei gikk på kafé, åt sundagsmiddagen med småmat, sang i kor eller var på bedehusmøte der. Fleire av Stein Torleif Bjella sine songar har Evjens Minne som utgangspunkt. Folkemusikkveka likar dette lokalet full av tradisjonar og historie.

ÅL KULTURHUS

Hallingdals storstugu, Ål Kulturhus, vart bygd i 1992  og inneheldt kino/konsertsal, bibliotek og turistinformasjon. I Galleri Syningen er det skiftande kunstutstillingar heile året. Riksteatret har kulturhuset som fast stoppestad for sine framsyningar og Nesch-Museet i Ål kulturhus kan tilby verdas største permanente utstilling av Nesch sine verk, og i tillegg eit rikt utval av bøker, plakatar og kunstkort.

Tlf: +47 32 08 51 00

nordstoga-13.jpg

ÅL BYGDAMUSEUM

 Ål bygdamuseum er bygd opp rundt eit unikt, freda gårdstun frå 1600-tallet. Museet er supplert med andre bygninger som kunne høyre den gamle garden til, deriblant ein husmannsplass og ein støl med steinbu. I dag står 30 hus på museet.

Folkemusikkveka avsluttar kvart år festivalen på museet.

museet berg kvinnegård.jpg