FESTIVALKVELD

Sundrehall er definitivt norges råaste bedehus og Ål sin tøffaste partyplass!
 

Sjå Program 2017 og Artistar for detaljer

 

 



 

NÅR: FREDAG 26. mai og laurdag 27. mai

Kvar: sundrehall

FESTIVALNATT

Når festivalkveldane går over til natt er det festivalhotellet som gjeld. Her blir det gamaldans, samt springar og pols sjølvsagt, slik det alltid har vore.
I Jegerstugu blir det groovy, folkish DJ-sessions samt konsertar.

Sjå Program 2017 og Artistar for detaljer

 

 


 

NÅr: torsdag 25, fredag 26. mai og laurdag 27. mai

kvar: thon hotel hallingdal

BYGDAMØNSTRINGA

Denne tradisjonsrike konserten treng ingen nærare presentasjon!
I god gamal stil utfordrar me DEG til å innta scena og bidra med eit innslag!

 

Programleiarar:
Leif Ove Helling & Ingebjør Sørbøen

 

 


Når: Laurdag 27. mai 15.00

Kvar: Ål kulturhus

folkemusikkfrokost

Start dagen med den perfekte kombinasjonen av god mat, godt humør og god musikk.
Den eineståande velsmakande hallingfrokosten til Oddrun Bergaplass på Aal pensjonat gjer at du lett kan danse deg gjennom resten av festivalen.

 

 

 


 

Når: fredag 26. mai og laurdag 27. mai 08.30

kvar: aal pensjonat

kyrkjekonsert

Kyrkjekonserten under Folkemusikkveka har vorte ein pilar under festivalen. Me har utvikla eit tett og godt samarbeid med kyrkja, noko som har resultert i ei lang rekkje eineståande gode konsertopplevingar. Gjennom dei siste åra har ei fullsett kyrkje fått oppleva store kunstnarar. Dette året vert ikkje noko unntak.

Programleiar: Bergljot K. Nordal.

 

 

 

når: torsdag 25. mai 19.00

kvar: ål kyrkje