DANIEL KVAMMEN & SVER

Med eit hundretalls konsertar i heile Norge, deriblant utsolgte klubbkonsertar og kritikerroste opptredenar på Øyafestivalen, Slottsfjell, by:Larm, Pstereo og ei rekke andre festivalar er endeleg turen for Daniel Kvammen kommi til Folkemusikkveka. Daniel spelar saman med supergutta i SVER.

 

 


når: fredag 26. mai ca 21.00

kvar: sundrehall

WE BANJO 3(IR)

Det som starta med ein banjotrio frå Galway, Irland utvikla seg raskt til å bli eit fyrverkeri av ein kvartett med to par brødre:
Enda Scahill(banjo) og Fergal Scahill(fele, banjo,mandolin) samt Martin Howley(banjo) og David Howley(vokal, banjo, gitar)


 

 


Når: Laurdag 27. mai 19.15

Kvar: Sundrehall

ØYONN GROVEN MYHREN

Øyonn er frå Ekeberg i Oslo, men med ein far frå Hallingdal og mor frå Telemark står ho med kvart sitt , men stødige, bein i to av våre rikaste folkemusikktradisjonar. 
Groven Myhren er ei av dei finaste folkesongaran me har og samtidig ein meister på den sjeldne og vakre "Kravik-lyra"

 

 


Når: 14.15

Kvar: Aal pensjonat
 

RÄFVEN(SE)

Det åttemannsterke sigøynerpunkorkesteret frå Gøteborg spelar opp til dans laurdagskvelden på vårt kjære Sundrehall.
Det gledes!

 

 




Når: Laurdag 27. mai 21.00

Kvar: Sundrehall

LEIF RYGG

Leif Rygg frå Voss er utdanna landmålingsingeniør frå Stend jordskifteskule og har arbeidd som landmålar blant anna i Ål. Han har vunne A-klassa(NM) på landskappleiken heile fem gonger og er verkeleg ein av vore mest profilerte spelemenn me har i dag.
Velkomne til plateslepp!

 

 


Når: Laurdag 27. mai 17.00

Kvar: TBA

VALKYRIEN

Norge sitt mest profilerte folkemusikkband gjennom 10 år spelar på Folkemusikkveka for fyrste gong! Bandet slapp si femte plate 'prøv å si noe til meg nå' hausten 2016 til strålande kritikkar. Det er imidlertid som liveband dei verkeleg har gjort seg bemerka, både i Norge og utlandet. Med eit samspel som manglar sidestykke gjer dei seg klare for ein tett og energisk konsert på Sundrehall!

 

NÅR: FREDAG 26. mai 19.30

KVAR: SUNDREHALL

THORLEIF STAVE

Thorleif Stave er av solid spelemann- og danseslekt i Ål. Dei fyrste låttane på durspel fekk han frå onkel Eilev Stave, ein dugande spelemann både på hardingfele og durspel. I dei første åra spela Thorleif berre bygdedans og henta låttar frå dei eldre utøverane og tileigna seg det meste av reportoaret som fanns på den tida. Sidan vart det gammaldans som aktiv utøvar i Toradertrioen med gullplater og spellemannspris. Thorleif debuterte som soloartist som 75-åring!

når: laurdag 27. mai 08.30

kvar: aal pensjonat

RAABYGG

Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både hits og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt.

Johanne Flottorp Hardingfele, vokal
Tuva Færden Hardingfele, vokal, lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore Harpeleik, vokal, munnharpe

 

NÅR: FREDAG 26 MAI 23.00

KVAR: Thon hotel hallingdal

OTTAR KÅSA

Ottar er frå Arabygdi i Vinje, men held for tida til i Bø i Telemark der han livnærer seg som spelemann og felemakar. Ottar har dei siste åra etablert seg som ein av landets fremste spelemenn og har vunne eliteklassa på Landskappleiken fleire gonger. Han har halde mange konsertar og vore nytta mykje som instruktør i inn- og utland. I 2011 debuterte han med soloplata «Ottar Kåsa» og stakk like gjerne av med både folkelarmpris og spellemannpris.


når: kyrkjekonserten

kvar: ål kyrkje

SNAKKA SAN & SVER(SE/NO)

Norsk/svenske Snakka San & Sver har dei siste åra introdusert verden for ein totalt ny genre: Folkhall!

Med suveren blanding av folk, klubb og raeggaevibber kan dansegolvet bli "riktigt" hot.

 

 

 

Når: laurdag 27. mai 00.15

Kvar: Thon hotel hallingdal

HOVEN DROVEN(SE)

Legendariske Hoven Droven frå Östersund er mangeårige verdensmestere i heftig folkemusikkrock!

Hoven Droven er Gustav Hylén, Bo Lindberg, Björn Höglund, Kjell-Erik Eriksson, Pedro Blom og Jens Comén.

 

 


når: fredag 26. mai 00.15

kvar: thon hotel hallingdal

RYDDVALL/MJELVA

Den svenske nyckelharpisten Erik Rydvall og hardingfelespelemannen Olav Luksengård Mjelva er begge blant dei fremste folkemusikarane i sin generasjon.  Deira debutalbum som duo, «Isbrytaren» (Heilo) blei utgitt i 2013 til svært gode kritikkar. Hugs og trykk på videolink til venstre her og få ei stor oppleving!

 

 

når:kyrkjekonserten/
songgudsteneste

kvar: ål kyrkje

GATESANGERNE

Gatesangerne oppstod ved ein tilfeldighet utendørs på Aker Brygge for meir enn 20 år sidan og fortset den lange og stolte tradisjon med Oslo-viser. 
Dette blir både rørande, vakkert og ikkje minst morsomt!

Kari Svendsen - banjo, sang
Lars Klevstrand - gitar, sang
Steinar Ofsdal - ståbass, fløyter
Kjetil Skaslien - trekkspel
 

når: torsdag 25. mai 22.00

kvar: thon hotel hallingdal

MORGONRODE

Morgonrode er ein kvartett som består av unge, nyfikne folkemusikarar. Musikken er leiken og sart på same tid, og med eit rått og ærleg uttrykk eksperimenterar dei med tradisjonell og improvisert musikk. 

Rasmus Kjorstad- oktavfele
Selma French Bolstad- nyckelharpe, hardingfele, song
Andreas Winther- slagverk
Helga Myhr- hardingfele, song 


når: laurdag 27. mai 23.00
kvar: thon hotel hallingdal

 

MARGIT MYHR

Vår eigen Margit Myhr frå Torpo i Ål er kvedar, multiinstrumentalist, skodespelar og dansar. Ho har bergtatt uss gong etter gong gjennom forestillingar med Frikar og Villniss, som skodespelar ved Västenå Teater, i grupper som Firil og Kvedarkvintetten og ikkje minst som ung tradisjonsberarande inspirator for mange unge gjennom kurs og dansekveldar. I 2017 er ho den musikalske delen av "Folkemusikkyoga!"

 

når: fredag 26. og laurdag 27. mai 

kvar: Ål kulturhus

 

HILDE KIRKEBØEN

Hilde Kirkebøen har utvikla seg til å
bli ein framifrå dansespelemann, kanskje ikkje
så rart då fremste læremeister er Jens A. Myro.

 

 

 

 

 

NÅR: FREDAG 26. MAI 11.15

KVAR: Aal pensjonat

KIM RYSSTAD

Kim Rysstad har vakse opp med folkemusikken rundt seg, men nøler ikkje med å trø over sjangergrenser. Med si vakre, klangfulle røyst formidlar han folkeviser så vel som pop-balladar med like stort truverd. Det skal godt gjerast å sitte uberørt att når denne tidlause og sterke stemma treff deg.

 

 


når: sundag 28. mai 11.00

kvar: ål kyrkje

ØYVIND BRABANT

Øyvind lærte spel frå alle dei fremste i Hallingdal då han vaks opp. Viktigaste var truleg Knut Myrann, Odd Bakkerud, Olav Sire og Jens A. Myro.
Øyvind har i alle år vore ei bærande kraft i folkemusikkmiljøet i Hallingdal. Spelet hans er voldsomt og energisk med utstrakt bruk av priller og «køglu» som høyrer med i hallingdaltradisjonen.
Øyvind vann landskappleieken i 1993.

 

når: fredag 26. mai 11.15

KVAR: Aal pensjonat

KOLBJØRNSHUS/SPRINGGARD

11_07_jpg5b15d-1985155-12-1478632490326.jpg

"Det er så mye jeg skulle gjort med livet mitt, men i stedet har jeg kastet bort en fjerdedel av det og bare dansa litt", sier Vetle til Ådne.
"Døgeniktenes debatt" er herleg sjarmerande, annerledes, spektakulær og ikkje minst morosam danseforestilling.

Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springgard

 

 

Når: Laurdag 27. mai 18.00

Kvar: sundrehall

 

INGE GJEVRE

IMG_4968.JPG

Inge Gjevre er frå Vågå i Gudbrandsdalen og ein av våre aller beste spelemenn på torader med fleire sigrar på både landskappleik og landsfestival, både solo og i ymse gammaldansorkester (Jutullaget, Avbrekk, Karuso, Vågåmål). Han har gjeve ut to soloplater og fire med jutullaget. Inge er utdanna musikklærar, og bur og jobbar på Lillehammer.

 

 

når: fredag 26. mai 13.00

kvar: aal pensjonat

BIRGER & BANDET

Birger Liahagen har hatt eit langt og rikt spelemannsliv, og i over 25 år har han komponert musikk og skrive eigne songar. Med oppvekst i ein spelemannsheim i Grønlio i Gol har folkemusikken alltid vore ein raud tråd i låtskrivinga hass.
 

 

 


NÅR: torsdag 25. mai 15.00 

Kvar: thon hotel hallingdal

embed Block
Add an embed URL or code. Learn more.

OLE NILSSEN

Ole Nilssen er frå Løten på Hedmarken og er ein av våre aller beste spelemenn på trekkspel og durspel. Han har fleire sigrar innan spel og dans på landskappleik og landsfestival både på senior- og juniornivå. Han planlegg utgjeving av si første soloplate, og har elles bidrege på andre produksjoner mellom anna durspelplata "Slåttespel på torader" med Rustad/Nilssen/Ranøien som vann Folkelarmprisen for "tradisjonelt samspill". Ole er utdanna på Noregs musikkhøgskule.

Når: fredag 26. mai 13.00

kvar: aal pensjonat

MYLLARGUTENS GAMMALDANSORKESTER

Myllargutens gammaldansorkester er eit ensemble beståande av ein ambulerande medlemsmasse. Dette betyr at du aldri heilt veit kven du får, men filosofien bak bandet gjer at du alltid veit kva: nemleg ultradansbar musikk og heisastemning. Med foten godt planta i tradisjonsmusikken snik det seg også inn slagerar som innbyr til allsang

 


Når: plutseleg

Kvar: her og der