![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Konsert med Jan Beitohaugen Granli og Aslak Opsahl BrimiOnsdag 24.januar kl 20.00 arrangerer Den Norske Folkemusikkveka konsert med Jan Beitohaugen Granli og Aslak Opsahl Brimi. Konserten skal vere på Hagaled gjestegård på Nesbyen. Dette er ein superkonsert med to av landets beste felespelarar. Begge vann Landskappleiken i 2006!Her er pressemeldinga deira: Aslak Opsahl Brimi og Jan Beitohaugen Granli Det er fleire like trekk i dei to felespelarane; båe kjem frå spelemannsfamiliar i Oppland, båe har studert folkemusikk på Rauland og båe to vann landskappleiken på Beitostølen i fjor. Aslak vann A-klassa på vanleg fele medan Jan tok heim sigeren i A-klassa for hardingfele. Aslak Opsahl Brimi (født 1983) er oppvaksen i Garmo i Lom. Han er født inn i ein folkemusikkfamilie, og både far Rolv og bestefar Hans W. spelte fele. Aslak starta med felespel hjå far sin som 8-9 åring, og fekk etterkvart Bjørn Odde som læremeister. Det er slåttetradisjonen i Ottadalen som er musikken til Aslak, og det er det som kjem fram på debutplata Blå september. Det er og særs viktig for han å vidareføre musikken og spelestilen som bestefaren Hans W. Brimi stod for. Etter at Aslak starta å stille på kappleikar i 1999, har han fleire gode plasseringar å vise til. Han vann C-klassa på fele på Rauland i 2001, og B-klassa på Gjøvik året etter. I A-klassedebuten i Eidfjord 2004 kom han til finalespelet, og vart til slutt nr 2. Jan Beitohaugen Granli (født 1979) har spelt hardingfele sidan han var 7 år, lærte hjå Trygve Bolstad i 12 år, ellers hjå Tore Bolstad, Magnus Dahleng, Harald Røyne og til sist Olav Jørgen Hegge. Kjem or spelemannsætt, der tippoldefar Nils Beitohaugen og sonen hans, Engebret Beitohaugen, er mest kjende. Jan Beitohaugen Granli er ein av våre aller mest meritterte spelemenn til tross for sin unge alder. Han gav ut plata ”lite nemmar” i 2003 som vart nominert til spelemannspris i klassa folkemusikk, han har vunne Fanitultevlinga på Ål to gonger, A-klassa på Landskappleiken tre gonger, 2002, 2004 og 2006 der Kongepokalen i 2004 er krona på verket. |
||