Folkemusikkveka. Kontor: Ål kulturhus. Postboks 26 - 3571 Ål. Telefon: 32 08 56 45.

E-post: folkemusikkveka(at)gmail(dot)com

E-CO SITT FOLKEMUSIKKSTIPEND

E-CO er eit av dei leiande energikonserna i Noreg, og er i dag den nest største vasskraftprodusenten i landet. E-CO er også den desidert største aktøren innan kraftproduksjon i Hallingdal, og er ein viktig samfunnsaktør i regionen. Folkemusikkveka er glade for å ha fått med E-CO som støttespelar og sponsor. Som ein del av dette samarbeidet, set E-CO opp eit arbeidsstipend for ein ung folkemusikar/-dansar, eller for ei folkemusikkgruppe. Med stipendet ynskjer E-CO å stimulere til tradisjonsformidling, nyskaping, og utvikling av nye produksjonsformer - heilt i tråd med filosofien E-CO arbeider etter som energikonsern.


E-CO stipendet vart delt ut fyrste gong i 2012. Vinnaren var gruppa Grepa.













STIPENDET ER SETT OPP PÅ FØLGJANDE KRITERIUM:

- Arbeidsstipendet skal gå til ein utøvar på høgt kunstnarisk nivå under 25 år.

  1. -Stipendet kan delast ut til enkeltutøvarar eller grupper innan folkemusikk og  

  folkedans.

  1. -Søknaden må innehalde skisse til ein konkret produksjon. Tittel, innhald og budsjett   

  må følgje med søknaden.

  1. -For stipendbeløpet skal vinnaren lage ein produksjon som skal ha urframføring på

  Folkemusikkveka 2013.

- E-CO sitt folkemusikkstipend er på kr. 15 000.


Søknad og prosjektskisse blir å sende i brevs form eller på e-post til:

FOLKEMUSIKKVEKA, folkemusikkveka@gmail.com.

Vi ber om at mediefilar er vedlagt i søknaden.


Søknadsfrist er 5. mai 2012.



Ål i Hallingdal 23. - 27. mai 2012