TORSDAG 24. MAI
19.30 - EARLYBIRD STRINGBAND
Bluegrass og hjernetrim
Opplev eit av Nord-Europas beste bluegrassband, Earlybird Stringband!
Hans Martin Austestad – Banjo, vokal
Erlend Viken – fele
Christian Skaugen – Dobro, vokal
Audun Skjølberg – Gitar, vokal
Olav Christer Rossebø – Mandolin
Sebastian Haugen – Kontrabass, koring
Klikk HER for lydeksempel!
Stad: Sundrehall - Billett: 150,-
Kvelden kulminerar med FOLKEMUSIKK-QUIZ, ca. kl. 21.00.
Quizmaster Øystein Velure har etterkvart vorte berykta for sine intrikate spørsmål, treffande replikkar og sitt fandenivoldske vestlandslynne. La deg ikkje skremme av at dette er ein quiz med folkemusikk i fokus. Her er det like viktig å væra kreativ som å væra kunnskapsrik! Dessutan vil det væra både fleirvalsoppgåver og live-lydarspørsmål.
Det oppfordras til å stille med quizlag, og det vil bli mogeleg å bytte til seg deltakarar med folkemusikalsk kompetanse. La ikkje svigermor, naboen eller gardsguten sitje heime denne kvelden. Ta dei med for ei gongs skuld – det kan slumpe til å bli top score! Og med den gode atmosfæra som finns i Sundrehall sine veggar, kan dette bli ein uforgløymeleg kveld.
Quizlaget kan ha mellom 1-10 deltakarar
Ål i Hallingdal 23. - 27. mai 2012